Lokofobia Lokofonia Lokomania Lokopedia

Ulv i Ulan Bator
(melodi: ein ukjent velgjerar, tekst: Lokomotiv Transsiberia)

vinterdag
veggane av tynne bord og stormen riv i døra og vil inn
pelslua er på, men kroppsvarmen forsvinn

minefelt
vondt å koma herifrå med armer, bein og hårfeste intakt
einaste veg ut: å koma heim som slakt

brennevin
kjellar, kott og skap er fulle, mannskapet er ganske fulle òg
høyrer ulvehyl, eller var det eit tog

ulvefor
naboen og kona hadde ikkje meire mat til ungen sin
lyfta slåa frå, og sleppte flokken inn

ref.:
som ein ulv i Ulan Bator
følsom som ein alligator
får'kje tint med radiator
opp mitt frosne sinn