Lokofobia Lokofonia Lokomania Lokopedia

Lokomotiv Transsiberia
(tekst og melodi ved Lokomotiv Transsiberia)

Lokomotiv Transsiberia
med vogn med eigen kafeteria
Lokomotiv Transsiberia
så fint når du skal dra på feria

me kjem frå nord, me har råkkenråll ombord
me drar mot sør, me har ingen konduktør
mild vind frå øst gjer oss heilt forjævleg tørst
så me ser mot vest og hevar glaset til ein fest

Lokomotiv Transsiberia
frå Tupelo til Karelia
Lokomotiv Transsiberia
på flukt frå alle ministeria

me har gitar, det er noke alle har
og trommer og, me er eit tøffe-tøffe-tog
me har ein bass, det er på sin plass
og ein smørtenor, medan resten syng i kor

Lokomotiv Transsiberia
på randen av hysteria
Lokomotiv Transsiberia
gjennom røyken frå mysteria

me skyflar kol og vår veg er lagd av stål
me kjem aldri fram, derfor tar me oss ein dram
nå for me hit, andre gonger fer me dit
vår forestilling startar nå, så nå lyt de henga på

Lokomotiv Transsiberia
over steppene og præria
Lokomotiv Transsiberia
med vogn med eigen kafeteria

Høyr

Høyr gammal versjon

Sjå: