Lokofobia Lokofonia Lokomania Lokopedia

Song frå skinnegangen
(melodi: ein ukjent velgjerar, tekst: Lokomotiv Transsiberia)

eg ligg her på skinnegangen
og kikkar på himlen blå
kan ikkje døyva trangen
til å reisa meg opp og gå
berre bekken brusar
i den stille kveld
det er kaldt i lufta
eg sveittar likevel

refr.:
for kva er det eg høyrer
der nede i svingen
det dunkar og durar
det gnistrar og bles
ja kva er det eg høyrer
der nede i svingen
det buldrar og burar
eit lokomotiv!

tau rundt beina tau rundt bringa
held meg nagla fast
eg må opp og springa
og det har bråhast
skulle ikkje tatt sjansen
på å snika på Mossebanen
vert dette siste dansen?
konduktørfaen!

refr.:
og kva er det eg høyrer...

hjula runde augo runde
stangas skal i same stunda
trur at dette varar lenger
enn ein høneblund
kjenner smak av magesyra
eg har det ikkje bra
møter togføraren sitt blikk
og ser han er likeglad

refr.:
og kva er det eg høyrer...

Høyr