Skål for alle drukne svin
(tekst og melodi ved Lokomotiv Transsiberia)
kva fanken var som skjedde i går (ein dobbel whisky!)
kvifor står snuten utanfor (ein single malt!)
kvifor har eg ikkje hår (noko anna!)
nasen min er full i snår (og ei med alt!)
ein dram til!
så la oss syngja:
ref.:
skål for alle drukne svin
gje meg øl og brennevin
vakna opp på sofaen (Moskovskaya!)
eg har ingen spenn igjen (Koskenkorva!)
buksa ligg i oppvasken (Kalinka!)
skorne på verandaen (Absolut!)
ein dram til!
så la oss syngja:
ref.:
skål for alle drukne svin
gje meg øl og brennevin
og når eg er riktig pjusk (tømmermenner!)
ringjer eg min ladekusk (svirevenner!)
så tar me diligensen
ut av abstinensen
ein dram til!
så la oss syngja:
ref.:
skål for alle drukne svin
gje meg øl og brennevin da capo ad nauseam
|