Lokofobia Lokofonia Lokomania Lokopedia

Lokomotiv Reisegaranti
(tekst og melodi ved Lokomotiv Transsiberia)

turneen våren 04
det drog seg mot jonsoktida
ekstreme-Voss ville smaka på oss:
o-Hoi! På den nye raude vinen
o-Hoi! Frå den transsibirske stilen

men så skar det seg slik med tida
halve bandet stod i Fagerneslia
då ekstreme-Voss ville lydtesta oss:
o-Hoi! Ikkje klokka sju
o-Hoi! Som nokon kunne tru

ref.:
lokomotiv reisegaranti
du treng'kje vera redd:
me stoggar om det trengst

så når bandet endeleg samlast
måtte planane endrast og smiast
frå hovudnamn til mellompapir
o-Hoi! Som om smaken ville døyvast?
o-Hoi! Når programmet måtte kløyvast?

det vart stusseleg tynt framved scena
berre Herre, Vidar og Skeie
og Frode Hjørnevik sa tida stod stille
o-Hoi! Kva var det alle andre ottast?
o-Hoi! Av dampen skulle dei hektast?

ref.

i ly av den ekstreme konserten
der alle hadde ottast effekten
lanserer me i dag med stempla signatur:
o-Hoi! Ein reisegaranti!
o-Hoi! I all loko-levetid!

der tog elles stoggar på stasjonar
tidleg morgon og seine kveldar
stoggar me når det er aller best for deg:
o-Hoi! Etter andre verset?
o-Hoi! Eller halvvegs ut i settet?

ref.
lokomotiv reisegaranti
du treng'kje vera redd:
me stoggar om det trengst
og synest du det trengst då stogga me for lengst

Sjå: