Perpetuum Lokomotive (tekst og melodi ved Lokomotiv Transsiberia)
togføraren bit seg ein munnfull skrå
- i lokomotivet -
så skrur han alle lampene på
- i lokomotivet -
i alle fall dei som han kan nå
- i lokomotivet -
toget er svart men himmelen er grå
ref:
og toget er så langt
sikkert toogåtti meter
å det er så langt
det er lengre enn Sankt Peter
å det er så langt
det rullar betre enn poteter
det er så langt, så langt, så langt, så langt, så langt
å så skrøpeleg og langt
togføraren har køyrt i hundre år
- i lokomotivet -
baken hans er mørbanka og sår
- i lokomotivet -
toghjula mot skinnegangen slår
- i lokomotivet -
hjula slår, men skinnegangen består
ref.
ingen veit om toget køyrer innom nokon stasjon
i kafeen må du visa legitimasjon
gulosten og vindauga er dekt av transpirasjon
togføraren roar seg med zen-meditasjon
alt i alt er han alltid alltid på veg
togføraren dreg i fløyta si
- i lokomotivet -
det kjem ingen lyd men han er like blid
- i lokomotivet -
han gomlar i seg nistepakka si
- i lokomotivet -
og undrast på om natta vil bli stri