Lokofobia Lokofonia Lokomania Lokopedia

Permafrostbru
(tekst og melodi ved Lokomotiv Transsiberia)

me står klaka fast i skinnegangen på ei halvråte bru
me svaiar som nedfallsfrukt i vinden over eit botnlaust djuv
for mange mil aust for Ingenstadsgrad
er det ingen som vil sakna meg
meiningsløysa mi får eg
ha for meg sjølv

ref.
det er ikkje kol, det er ikkje damp
kjelen er kald, han gav seg utan kamp
ingen gidd ut på permafrostsbrua for å dytta
det er visst slik alle syrgjelege liv må slutta

alt som var av vasskokte raudbetar er oppetne i smug
alt av drikkandes drikke i koppar og kar forsvann i ein einaste sup
for mange mil aust for Ingenstadsgrad
er det ingen som vil fø på meg
den gnagande svolten min får eg
ha for meg sjølv

ref.

nå skjer det noke
lampene blinkar
nå skjer det noke
kjelen hostar

nei nei nei nei
blinket var blikket som blunda
nei nei nei nei
hosten var helsa som harka
å korleis skal det gå
å korleis skal det gå

den gule svovelfrostrøykånden min kan ingen lengre sjå
det er ikkje lengre temperaturmargin mellom inni og utanpå
for mange mil aust for Ingenstadsgrad
er det ingen som held varmen i meg
den blåfrosne skrotten min får eg
ha for meg sjølv

ref.