Lokofobia Lokofonia Lokomania Lokopedia

Motten og dromedaren
(tekst og melodi ved Lokomotiv Transsiberia)

endeleg går toget
det knakar i metall
myrke natta vil eg våga
dette er mitt kall!
eg er konduktøren
eg smyg meg inn di dør
olstrar i kupèen
til du høyrer at eg spør
høyrer du at eg spør!?

ref.
er du
er du mott, eller?
er du
er du
ein likandes
dromedar?

motten er ein kalding
eg kjenner han så vel
et seg inn i alle ting
gneg toget halvt i hjel
eg vil fanga motten
eg prøver når han søv
men endar opp som dotten:
eg fangar berre støv
eg fangar berre støv!

ref.

no skal eg lure motten
eg lest eg jagar fleir
at motten er vanleg som snotten
og som ull i eit dromedar-reir
kanskje let han seg lokke
og myser med snuten sin ut
kanskje vil han sjekke
om han liknar ein dromedar-stut
liknar ein dromedar-stut!

ref.