Lokofobia Lokofonia Lokomania Lokopedia

Meir bass i monitoren
(tekst og melodi ved Lokomotiv Transsiberia)

heilt siden eg begynte
som pønkevokalist
det er ein enkelt ting som har
gjort meg jævla pissed
kvar gong det bjynnar svinga
så går det som det pleier
bassisten ravar fram
til mikrofon og seier

meir bass i monitoren
meir bass i monitoren
meir bass i monitoren

eg blir så jævla lei
eg blir så forbanna
kan han ikkje av og til
seia noko anna
spør han innimellom
om å få noko i glaset?
nei å nei å nei
det er det same gamle maset:

meir bass i monitoren
meir bass i monitoren
meir bass i monitoren

eg er så jævla lei det
eg trur at eg blir gal
eg føler meg som moden
for Oslo hospital
for når eg ligg om natta
og tenkjer at eg drøymer
då høyrer eg ei stemme
som frå vekkjarklokka strøymer

meir bass i monitoren
meir bass i monitoren
meir bass i monitoren

ingen bassistar på våre plater