Middelaldra menn
(melodi: ein ukjent velgjerar, tekst: Lokomotiv Transsiberia)
ingen gjev oss plassen sin når me kjem på ein trikk
me har ingen iPhone for me skjønar kje teknikk
me er middelaldra menn
me er ute etter hevn
me er bitre og forbanna og
no skal me ta igjen
kan kje gå ut midt i veka og bli heilt kanon
det er mange år til me kan gå av med pensjon
me er middelaldra menn...
det er for seint å reisa rundt Europa på eit tog
har kje råd til hus i Syden, knapt ein katalog
me er middelaldra menn...
den gong me var unge vart det laga god musikk
men ungdommen i dag dei høyrer berre på jævla dritt
me er middelaldra menn...
me er bitre og forbanna, me er middelaldra menn!
|