Lokofobia Lokofonia Lokomania Lokopedia

Lokomotiv Menasjeri
(tekst og melodi ved Lokomotiv Transsiberia)

metanol til frukost og ein øyenlege til kvelds
muslimske katolikkar og ein dyrevernar i pels
hovudlaus og halslaus og ein statslaus patriot
ein fyr som ikkje veit at Ari Behn er idiot
det er slikt me har å tilby i Lokomotiv Menasjeri
brennevin og bullshit og frivillig apati
får utan kolli og kolli utanfor
det er det me har i stallen vår

Lokomotiv Menasjeri
Lokomotiv Menasjeri cheri

rulett på russisk og eit oppbrukt testament
blindeskrift på TV og lydbøker på prent
ein gladlaks og ein gravlaks og ein midtimellomlaks
guffen retorikk og ein rotete syntaks
det er slikt me har å tilby i Lokomotiv Menasjeri
vodka, vin og vatn og fullstendig amnesti
lyden av kanoner og av magesjau som går
det er det me har i stallen vår

Lokomotiv Menasjeri
Lokomotiv Menasjeri cheri

raudvin på fatene og kylling på glas
ikkje mykje framtid og endå mindre mas
svimmel som ein stolpe og stødig som gele
og her kjem sjansen til å bruka rimet "nepetre"
det er slikt me har å tilby i Lokomotiv Menasjeri
konfekt med alkohol i og fortumla anarki
alligator og mott og ein hårlaus dromedar
det er det i stallen vår me har

Lokomotiv Menasjeri
Lokomotiv Menasjeri cheri

Høyr