Lokofobia Lokofonia Lokomania Lokopedia

Massey Ferguson
(tekst ved Lokomotiv Transsiberia
Tidlegare kjent som "Harley Davidson", tekst/melodi Ingebrigtsen/Alfheim)

me sit utpå bøen på garden min
du og eg og ein slåmaskin
slåtten er ferdig og nå skal du få
litt ekstra diesel å tygga på

eg startar opp min traktor
og høyrer hjartene slå
dei slår i fire takter
når me pløyar på
(og me pløyar på ein)

Massey Ferguson

naboen min blei borte i fjor
eg pløyde han ned i si eiga jord
lensmannen forsvann i ein silosvans
nå ventar eg spent på vikaren hans

eg startar opp min traktor
og høyrer hjartene slå
dei slår i fire takter
når me pløyar på
(og me pløyar på ein)

Massey Ferguson

prest og klokkar og skattefut
epleskrottar og kaffigrut
vart til matjord så feit og fin
takka vere Masseyen min

eg startar opp min traktor
og høyrer hjartene slå
dei slår i fire takter
når me pløyar på
(og me pløyar på ein)

Massey Ferguson