Lokofobia Lokofonia Lokomania Lokopedia

Lokomotiv Johanna
(tekst og melodi ved Lokomotiv Transsiberia)

å Johanna ynskte eit anna liv
- Loko-Johanna -
så ho rana ein usikra drosjebil
- Loko-Johanna -
kjøpte seg eit billig lokomotiv
- Loko-Johanna -
men skytshelgenen til drosjane varkje blid
Loko Johanna

forbannelsen på hovudet hennar kom
- Loko-Johanna -
skytshelgenen felte sin tunge dom
- Loko-Johanna -
no skal drosjeranaren ordntlig svi
- Loko-Johanna -
låst i lokomotivet til evig tid

ref.:
Loko Johanna fekk sitt levebrød
Johanna ho skal aldri dø
Johanna i lokomotiv
Johanna dømt til evig liv

innestengt i lokomotivet sitt
- Loko-Johanna -
livet hennar har blitt til eit mareritt
- Loko-Johanna -
ingen stopp, stasjon eller haldeplass
- Loko-Johanna -
utan bremser, gjev berre meire gass

ref.

dundrar gjennom natt etter svarte natt
- Loko-Johanna -
susar framom, kjem kanskje aldri att
- Loko-Johanna -
ut av syne med lyden av fjerne skrik
- Loko-Johanna -
kven hadde trudd at det skulle enda slik

ref.