Lokofobia Lokofonia Lokomania Lokopedia

Lokomotiv Transsiberia speler karelsk kupønk slik me trur den vert sunge i dei djupe finske skogane eller langs dei hjarteskjerande endelause jernbanelinjene over steppene og prærien.

Med eit driv som ein våryr traktor på fjellbeite speler me eigne og andres sentimentale sangar om tog, brennevin og dromedarar på ein måte som kan få kem som helst på gråten.



Anka Karenina - bratsj
Doc Martin - vokal
Rodnik Koskenkorva - gitar
Stumpy Juha - trommer
Tørstojevskij - bass

For booking og anna gladnytt kan me nåast på fyrbotar@lokomotivtranssiberia.com.